Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd


Kyrkjelyden


Meir himmel på jord er visjonen vi arbeider etter. I alt vi gjer, ønsker vi å vise små glimt av himmel. Vi ønsker at Klepp kyrkjelyd skal være ein god stad å vere, vekse og verke. Vi har alle forskjellige behov og forskjellige trusuttrykk.

Vi arbeidar for å realisera denne visjonen gjennom det arbeidet og dei ulike tiltaka som kyrkjelyden har. Vi ønsker å vere ei kyrkje for alle generasjonar.

Vi har ein levande kyrkjelyd der det skjer mykje. Noko av det flotte arbeidet vi har er gode gudstenester og sundagskule. Vi har mange kjekke aktiviteter for barn og unge, vaksne og senior.