Her finn du informasjon om gjevartenesta
"Meir himmel på jord" er visjonen me arbeider etter. I alt me gjer ynskjer me å vise små glimt av himmel. Me ynskjer at Klepp kyrkjelyd skal vere ein god stad å vere, vekse og verke.
Me arbeider for å realisera denne visjonen gjennom det arbeidet og dei ulike tiltaka som kyrkjelyden har.
Gjennom gjevartenesta blir du med på å verkeleggjere kyrkjelyden sin visjon: "Meir himmel på jord".
Kyrkjelyden ynskjer å satse langt utover det offentlege tilskot rekk til. Me vil skape gode møteplassar for barn, unge og vaksne. For å oppnå dette og for å skape tryggleik for tilsatte som blir løna av kyrkjelyden, treng ein stabil og føreseieleg økonomi. Difor vert du utfordra til å verte fast gjevar, eller til å auke ditt gjevarbeløp.
Døme på kva gåva di går til og kva du bidreg til:
Barn og unge
·At barn og unge 0-18 år får tilbod om undervising og læring av god kvalitet og til ein pris som lèt alle delta
·At barn på fleire årstrinn får materiell til bruk heime, til dømes gripekors, bøker, rytmeinstrument
·At me kan tilby fleire samlingar med måltidsfellesskap
·At me kan reise på fleire turar og utflukter
Kyrkjelyden generelt
·At musikarar og ressurspersonar kan hyrast inn til spesielle anledninger, konsertar og kurs.
·Ditt bidrag er med på å finansiere kyrkjelyden sitt eige arbeid innan alle våre tilbod og aktivitetar
Å løne ulike stillingar:
·Ungdomsarbeidar
·Kyrkjelydsarbeidar
·Dagleg leiar (delar av)
Med auka gjevarteneste kan me få til meir!
Noko av det me drøymer om er:
·Lågterskeltilbod til ungdom
·Utvida samtaletilbod
·Større seniorarbeid
·Utvida tilbod til menneske med ulike funksjonsvariasjonar
·Måltidsfellesskap og «kafé»
Kvifor vere gjevar?
Det er ei stor velsigning å få vera med å gi til arbeidet i kyrkjelyden
Ingrunn Vassbø Særheim
“Klepp menighet betyr mye for meg og familien min. Ved å være fast giver er jeg med på å støtte det viktige arbeidet Klepp menighet driver for barn, unge, voksne og eldre. Givertjenesten er også med å sørge for at vi kan fortsette å ha et godt tilbud av aktiviteter i menigheten vår og det gjør det lettere for sokneråd og stab å planlegge arbeidet”
Maria F. B. Sikkeland
“Jeg gir fordi Jesus sier vi skal gjøre det, og jeg opplever at "Gi, så skal dere få" er dypt sant. Jeg gir til kirka mi fordi det går til arbeid som er utrolig viktig for Klepp, både for lokalsamfunnet som helhet, og for alle oss som går i menigheten. I årene framover vil kirka bli mer avhengig av støtte fra oss i menigheten for å sikre en sunn drift”
Vegard Grødem Stikbakke
Korleis kan ein gje?
AvtaleGiro
Du kan no opprette AvtaleGiro for fast trekk og enkeltbeløp. Sjå bruksveiledning lenger ned.
Fast trekk gjennom Vipps
Du kan no leggje inn fast trekk i Vipps. Sjå bruksveiledning under.
TRYKK HER FOR Å SETJE OPP AVTALEGIRO ELLER FAST TREKK GJENNOM VIPPS
Bruksveiledning for AvtaleGiro og Vipps
Når du følg lenka over, kjem du til ei eiga side kor du kan velga om du vil gje eit eingongsbeløp eller fast månadleg trekk. Her kan du velga foreslåtte beløp eller valgfritt beløp i ruta "Beløp".
Du må deretter fylla inn kontaktinformasjon. Ynskjer du skattefrådrag, huker du av på dette og leggjer inn fødselsnummer.
Etter du har fylt ut kontaktinformasjonen, får du valget om du ynskjer å bruke Vipps eller AvtaleGiro.
Velg du Vipps, får du opp ein forespørsel i Vipps-appen som du må godta.
Velg du AvtaleGiro, godkjenner du med Bank-ID.
Fast trekk
Du kan òg setja opp fast trekk i nettbanken din med fast trekk til konto: 3290.35.01234 merka med eige namn.
Takk for ditt viktige bidrag til arbeidet i Klepp kyrkjelyd!
Det er ingen bindingstid og dersom du ønsker å stoppe avtale om fast trekk, ta kontakt på tlf 51789555 eller epost klepp.soknerad@klepp-kirken.no.