Ein møteplass for kvinner og menn i Klepp kyrkjelyd – der fellesskap og gode samtalar står i sentrum.
I tillegg til gudstenester og anna som er for alle, ønskjer vi å skape gode møteplassar der kvinner og menn i Klepp kyrkjelyd kan møtast i eigne fellesskap – rundt mat, gode samtalar, spennande tema og uformell drøs.
Ta gjerne kontakt dersom du er interessert i å høyre meir om dette:
Karakveld:
Just Salvesen
js725@kirken.no
Kvinnekroken:
Vilde Henriette Lund Bergseth
vb765@kirken.no
Informasjon frå Kvinnekroken: Hausten 2026 blir det to samlingar i stasjonsbygningen på Klepp stasjon. Våren 2027 blir det to nye samlingar i dei nybygde lokala til Klepp kyrkje i sentrum. Følg med på infosløyfa under gudstenestene, på arrangement på Facebook og her på nettsida vår for meir informasjon. Kvinnekroken har også ei eiga Messenger-gruppe som du kan bli lagd til i dersom du ønskjer det. Ta gjerne kontakt for å bli med.