Vatn
Vatn må være noko av det mest fantastiske som Gud har skapt. Med første augekast ser det ikkje særleg spesielt ut. Ikkje smakar det noko, ikkje luktar det noko og ikkje har det noko farge. Ikkje er det sjeldan heller.
Det verker så ubetydeleg, gjennomsnittleg og ordinært. Helt til du kommer på alt det kan gjer for oss. Tenk på følelsen av å drikka eit kaldt glas vann ein varm sommar dag. Eller det å stupa ut i vantet og kjenna det kjøla ned kroppen. Vatn kan vaska oss reine. Vatn har i tusenar av år vore det viktigaste å ferdast rundt i verda på for oss menneske. Og få ting gir meir ro i sjela enn å stirra utover havet ein sein sommarkveld.
Vatn er også det konkrete Gud har gjeve oss i dåpen. Når Gud lar oss bli hans born i dåpen, og gjer oss si Heilage Ande, då er vatn det konkrete som gjer det til ein dåp. Vatnet som tre gonger vert ausa på hovudet, i Faderens, Sonens og Den Heilage Andes namn. Gitt til oss som ein gove, og som eit løfte.
Så neste gang du ser vatn, tenk at Gud gav oss noko av det mest fantastiske Han har skapt som teikn på noko av det mest fantastiske Han har gitt oss.