Allereie no, men enda ikkje
Er du ein av dei som skulle vore ein annan stad i sommar? Ein av dei som fekk planane og draumane øydelagt. Og no sitt du kanskje her, ein stad du ikkje hadde tenkt å vera, og draumar om korleis ting kunne ha vært. Eller kanskje enda betre, om korleis ting skal bli neste sommar. Om sommar, syden, shopping og det gode liv.
Korleis vel du å forholda deg til alt som er no? Lar du skuffelsen overta, eller klarer du å gjera det beste utav slik det uansett blei i sommar? Det er inga motsetting mellom det å gleda seg over det som er no, og samstundes sjå fram til noko enda betre.
Faktisk er det veldig bibelsk. Jesus talar igjen og igjen om at Guds Rike er kome nær. Det er her og no. Samstundes som Han taler om at ein dag skal alt gjenopprettast. Og det er ingen motsetning. Guds rike er her allereie, men samstundes så er det enda ikkje her.
Eg trur me kan møta mykje i livet på same måten: Med glede og takk over det vi har, samstundes som draumar om alt som skal koma.
For Jesus er saman med oss allereie no, men me har enda ikkje sett alt me skal få sjå i lag med Han.