Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Vekas oppmuntring, veke 30


Når eg snakkar med andre om trua mi, er det viktig for meg å få fram at Gud bryr seg om heile livet mitt. Ikkje berre det eg får til eller det eg likar. Gud er her og famnar heile livet mitt. Han er nær meg og tek heile meg på alvor. Han seier at han elskar meg. Når livet er vondt eller ser umogleg ut vil han framleis gå saman med meg og han elskar meg like høgt. Han bryr seg når livet går i motbakke. Det største ønsket hans då er at eg skal koma til han med all mi uro, tankane og draumane mine.

 

I Bibelen kan me lesa om mange ulike mennesker som lever heilt ulike liv, og det som desse historiane har til felles, er at det er heilt vanlege mennesker med feil og manglar og med gode og tenande egenskaper. Tross dei ikkje fullt så positive sidene, er Gud glad i menneska som det står om i Bibelen. På same måte er han glad i deg og meg òg. I salme 139 i Bibelen står det:

Herre, du ransakar meg og du veit –

         

     2 du veit om eg sit eller står,

          på lang avstand kjenner du mine tankar.

         

     3 Om eg går eller ligg, ser du det,

          du kjenner alle mine vegar.

         

     4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,

          kjenner du det fullt ut.

         

     5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,

          du har lagt di hand på meg.

 

Gud ser meg og deg, og han veit alt om oss. For nokon kan dette verka skremmande, men Gud sin tanke er at han ønskjer å vera nær deg og meg. Me er det mest verdifulle han har skapt. Gud vil vera meg nær når eg får til livet og når eg strevar. I våre solskinnedagar og når eg er ikkje får det til. Han står med open famn og ropar: Kom til meg! Kom heim! Eg treng ikkje bli ein annan en den eg alt er, for Han vil ha meg slik som eg er. Han er glad i meg slik som eg er. Så vil han fortsetja å ha meg i sin famn for at eg skal få vera der, kvila der og få den næringa eg treng hjå Han.

 

TAKK Gud, at du har skapt meg på skremmande, underfullt vis.

TAKK Jesus, for at du vil gå saman med meg i livet.

TAKK Heilage ande, for at du kallar og ledar meg i livet.

Amen.

Tilbake