Det er eit evangelium å vera døypt.
Det er nåde og trøyst og den beste sjelesorg å kunna setja seg ned og tenkja; eg er eit døypt Guds barn og det skal ingen få ta i frå meg.
Gud er min Far, Jesus er min bror og frelsar. Det er Gud som har ordna dette. Den Heilage Ande gjer at eg lever i dette.
Då skal eg sleppa måtta vera redd for at eg er god nok eller kristen nok eller from nok. Dette har Gud ordna. Eg kan nok tvila på meg sjølv, men ikkje på det Gud har gjort.
«Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det!» 1. Johannes 3.1