Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Dagens oppmuntring, torsdag 4. juni


«Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!»

Eg har ofte latt meg frustrere over denne oppfordringa frå Paulus i Filipparane 4,4. Eg klarer på langt nær å glede meg i Herren alltid, ikkje kvar dag og nokre gonger ikkje kvar veke heller. Det er fort gjort å stoppe opp etter vers 4, og rett og slett gi litt opp heile «gledinga». Då er det trøystande å kunne lesa vidare i vers 5-7:

«Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.»

Fil. 4, 4-7

Tilbake