I samband med kongens bortgang:
Fredag 28. august: Open kyrkje kl. 13.00–19.00
Laurdag 29. august: Open kyrkje kl. 10.00–14.00
Sundag 30. august:
Kl. 11.00 Gudsteneste med dåp og presentasjon av konfirmantane. Kort forbøn for kongehuset.
Etter gudstenesta vert det Open kyrkje fram til kl. 15.00.
Kl. 18.00 Sørgjegudsteneste.
I den opne kyrkja vil det vera høve til å tenna lys, sitja i stille og signera ein kondolanseprotokoll. Det er òg mogleg å ta med blomar som kan leggjast ned, og lys som kan tennast utanfor kyrkja på tilvist stad.
Alle er velkomne, anten dei ønskjer å sitja ei stund i stille, tenna eit lys til minne om kongen eller skriva ei helsing i protokollen.