Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


I forbindelse med kongens bortgang


I samband med kongens bortgang vil Klepp kyrkje og Frøyland og Orstad kyrkje ringja med

kyrkjeklokkene fredag kl. 12.00–13.00. Begge kyrkjene vil òg ha open kyrkje gjennom heile helga.

Fredag 28. august: Opne kyrkjer kl. 13.00–19.00

Laurdag 29. august: Opne kyrkjer kl. 10.00–14.00

Sundag 30. august:

På sundag blir det gudstenester med forbøn for kongehuset:

Klepp kyrkje og Bore kyrkje: Gudsteneste kl. 11.00, deretter open kyrkje fram til kl. 15.00.

Frøyland og Orstad kyrkje: Gudsteneste kl. 10.30, deretter open kyrkje fram til kl. 15.00.

I den opne kyrkja vil det vera høve til å tenna lys, sitja i stille og signera ein kondolanseprotokoll. Det

er òg mogleg å ta med blomar som kan leggjast ned, og lys som kan tennast utanfor begge kyrkjene

på tilvist stad.

Alle er velkomne, anten dei ønskjer å sitja ei stund i stille, tenna eit lys til minne om Kongen eller

skriva ei helsing i protokollen.

Sørgjegudsteneste

Det blir sørgjegudsteneste i Klepp kyrkje sundag 30. august kl. 18.00.

Meir informasjon blir lagd ut på nettsida til Klepp sokn.

Flagging

Under open kyrkje blir det flagga på halv stong. Under gudstenestene blir det flagga på heil stong,

men når gudstenestene er over og kyrkjene går over til open kyrkje, blir flagga senka til halv stong.

Tilbake