Tonesetjingar av Tor Livar Grude
Klepp kyrkje onsdag 29. april kl 18
Medverkande:
Kjell Arild Pollestad – opplesing
Tor Livar Grude – opplesing, orgel, piano
Karina Cortez – sopran
Martin Nese Johnsen - baryton
Kleppsbuen Åse-Marie Nesse er ein betydeleg og folkekjær norsk lyrikar, heidra med St Olavs Orden. I år er det 25 år sidan ho gjekk bort. På hennar fødselsdag 29. april blir det ein stemningsfull kveld i Klepp kyrkje, med framføring av dikt gjennom opplesing og songar. Dikta talar framleis om håp, verdigheit, kjærleik og det å vere menneske.
Tor Livar Grude, utflytta kleppsbu og busett i Grimstad, er organist, komponist og pensjonert musikkpedagog. Dei to unge kleppsbuane Karina Cortez og Martin Nese Johnsen studerer song ved Universitetet i Stavanger. Dei vil framføre 12 av Grudes tonesetjingar til dikt av Nesse, akkompagnert av Grude sjølv.
Forfattar, omsetjar, teolog og tidlegare pater Kjell Arild Pollestad har ein kort presentasjon av lyrikaren Åse-Marie Nesse. Grude og Pollestad vil lese dikt frå 10 av hennar 12 diktsamlingar.
Entre kr 200,- Kontantar ved inngang eller Vipps 404 16 424