Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Påskekonsert: Leif Jone Ølberg


Velkommen til vakker påskekonsert i Klepp kyrkje fredag 27. mars, med songaren Leif Jone Ølberg og faren, Lars Bernhardt Ølberg som spelar til. Dei held jamleg konsertar saman og er kjende for sitt nære samspel.

Konserten er som ei vandring frå palmesøndag til påskedag, med salmar, songar og vakker påskemusikk, som ei god førebuing til påsketida.

Leif Jone Ølberg som har si utdanning fra Stavanger, London og opera-akademiet i København, har stor internasjonal erfaring i konsertsal og opera. Mellom anna har han vore solist i Den Jyske opera og Den kongelige opera i København og sunge store roller der. Han er også mykje brukt som solist i dei store oratoria av Bach og Händel.

I fleire år Leif Jone Ølberg hatt opphald i Kenya saman med den norsk/kenyanske songeren Rhoda Wilhelmsen. Der har han hjulpe til med å byggja opp eit klassisk musikkmiljø og operamiljø i Nairobi. Ved sida av undervisning av kenyanske songare har han sunge afrikansk opera, arrangert konsertar og kyrkjemusikk.

Fra Nordisk konsert i Hauptkirche Sankt Michaeli, Hamburg, 16. des. 2024: "Leif Jone Ølbergs stemme fylte den store kirken og berørte tilhørerne dypt."

 

Billett, kr 300 kan kjøpast på førehand på www.melodypipe.com, eller i døra med kontant/vipps.

Tilbake