Me har gleda av å invitere til nedlegging av grunnstein for ny kyrkje i Klepp!
Sundag 6. april 2025 kl. 16.00
Å byggja kyrkje er ei stor hending for bygda! Me ynskjer difor å invitere alle bidragsytarar til det fantastiske kyrkjebygget som nå er i ferd med å reisa seg midt i Klepp sentrum.
Nedlegging av grunnstein er ei symbolsk handling. Grunnsteinen er eit skrin i kopar som inneheld ein bibel, ei salmebok og informasjon og teikningar frå byggeprosjektet. Skrinet vert senka ned under golvet i kyrkja og det vert deretter støypt dekkje over skrinet. I betongen skal det leggjast ein stein over skrinet der det seinare vert rissa inn «Grunnstein 2025».
Vi inviterer representantar frå kyrkjerådet, bispedømmerådet, biskop, prost og prest. Ordførar og andre politikarar vert invitert og det same gjeld kommunedirektøren med si leiargruppe.
Vidare vert prosjektleiar, arkitektar, entreprenør og underleverandørar invitert.
Biskop Anne Lise Ådnøy forretter sjølve nedlegginga av grunnsteinen.
Etter ei kort seremoni vert det moglegheit for å koma med helsingar, og me byr på kake og kaffi til alle som kjem.
Velkommen!