Velkommen til informasjonsmøte 24. mars kl. 19 og PreKonf same kveld kl. 20
***Invitasjon til Informasjonsmøtet og PreKonf er sendt til alle født i 2012 som er busatt i Klepp sokn***
Tysdag 24. mars kl.19.00-20.00 blir det felles møte for foreldre/foresatte og kommande konfirmantar. Dette er eit ope informasjonsmøte for alle født i 2012, også dei som ikkje er døypt.
Rett etter informasjonsmøtet er det PreKonf! Kl. 20.00 inviterer Klepp kyrkje alle ungdommar fødde i 2012 i Klepp sokn til ei samling for dei som er nysgjerrige på kva det vil seie å vere konfirmant – anten dei allereie har bestemt seg for å konfirmera seg i Klepp kyrkje eller ikkje.
Her får dei ein forsmak på konfirmantopplegget og møter oss som skal ha ansvar dette konfirmantåret. Det blir òg høve til å stille dei spørsmål dei måtte ha rundt det å vere konfirmant i Klepp kyrkje.
Det blir i tillegg leikar og servering av pizza på samlinga. Vi har påmelding til denne samlinga slik at vi kan rekne nok mat til alle og tilpasse opplegget utfrå kor mange som kjem.
MELD DEG PÅ HER
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med
Andrea Bjørkavoll-Bergseth
e-post: ab546@kirken.no
Med vennleg helsing
Andrea (menighetspedagog) og Just (prest)
i Klepp kyrkje