Barabbassamling for alle som blir 5 år i 2026
Vi ønsker alle født i 2021 velkommen til Barabbas-samling, trosopplæringstiltaket for alle 5åringane i Klepp sokn.
Samlinga er tysdag 24. mars kl. 17.00-18.00.
Tema for samlinga er basert på boka «Barabbas» (illustrert med Duplo) som handlar om ein røvar som vert sett fri.
Målet er at borna skal læra meir om kva som skjedde i påska.
Det blir pølser til mat og ungane skal få lage ein ting dei får med seg heim. Dei får òg med seg boka «Barabbas».
Det kjem invitasjon i posten til alle medlemmer og trusopplæringsabonnenter. Barabbassamlinga er open for alle born i denne aldersgruppa. Det er òg opent for born som ikkje er døypt. Dersom de høyrer om nokon som ikkje har fått brev, men likevel ønsker å vere med, be dei gjerne ta kontakt med oss på kyrkjekontoret.
Påmelding finn du ved å trykke her
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Karoline Undheim-Tharaldsen
KU399@kirken.no
922 55 478