Ei natt i kyrkja for 11-åringar!
Lys Vaken er eit overnattingsopplegg i kyrkja for 11-åringar. Dei fleste kyrkjelydar gjennomfører Lys Vaken natt til fyste sundag i advent. Me i Klepp har fått ei heilt ny kyrkje som skal vigslast den helga, og Lys Vaken er difor flytta til helga etterpå (5.-6. desember).
Namnet Lys Vaken handlar ikkje om at me skal vera vakne heile natta, men at me skal vera vakne overfor det som skjer i oss og rundt oss. Me skal vera vakne overfor Gud, kvarandre og oss sjølv. Ikkje minst kan me oppleva at Gud er lys vaken for oss. Advent handlar jo nettopp om lyset som kom til verda. Dette skal me feira – i tillegg til at 1. søndag i advent markerer starten på eit nytt kyrkjeår.
Me skal ete, leike og syngje i lag, og me skal førebu gudstenesten på sundag kl. 11.00. Ta med foreldre, vener og fadrar. Me gler oss til ei kjekk helg i lag!
I år får me òg besøk av Seven-jentene, som skal halde konsert for oss i starten av opplegget. Dei som ynskjer det, kan vere med på korfest i forkant av konserten. Sjå eige punkt om dette i påmeldinga.
Alle born som er fødd i 2015 og som er døypt i kyrkja får tilsendt eigen invitasjon. Har du ikkje fått invitasjon, er du likevel velkomen til å delta. Meld deg på her:
Frist for påmelding: 30. november.
Treng du meir informasjon, invitasjon eller har spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kari Kjestveit
kk595@kirken.no
95 96 40 83