6. klasse - LysVaken


 

Kven: 6.klassingar

 

Målsetting: «Barna skal lære at dei kan vera lys i verda, og at Jesus er verda sitt lys.»

 

Kva: Har du lyst til å vere med på noko spennande? Vil du vere med på LysVaken?

1. søndag i advent er det nyttår i kyrkja. Dette vil bli feira i kyrkjer over heile landet.

Då skal vi leike, bli kjende med kvarandre, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete god mat og sist, men ikkje minst sove over i kyrkja. På søndag et vi frukost saman før gudstenesta.


Kor/når: Natt til 1. søndag i advent inviterer vi deg til å bli med på LysVaken i Klepp kyrkje. 

Invitasjon kjem i posten til medlemmar (barn som er døypte i soknet) når det nærmar seg tida for arrangementet. Om ditt barn ikkje er døypt eller tilhøyrar ein annan kyrkjelyd enn Den norske kyrkje, kan du registrere deg som trusopplæringsabonent på kirken.no (søk på "trosopplæringsabonent" i søkefeltet) og du får da invitasjon til trusopplæringstiltak i posten.

 

Kontaktperson: For meir informasjon eller påmelding, ta gjerne kontakt med Anette Dagfinrud Thorset: anette.thorset@klepp-kirken.no / tlf. 919 21 631

Tilbake