3. klasse - Tårnagenthelg


 

Kven:  Vi ønsker alle 3. klassingar velkommen til Tårnagenthelg i Klepp kyrkje! 

 

Målsetting: Gjennom å vera Tårnagentar skal barna få læra meir om pinsen og den Heilage Ande. Dei skal òg utforska kyrkja og læra meir om symbol og gjenstandar i kyrkja.

 

Kva: Vi treng deg, til å vera med å løysa oppdrag og mysterium i Klepp kyrkje! 

Agentmøtet laurdag starter kl.13.00 og held på til kl. 18.00. Der vil agentane få utdelt agentbevis. 

Søndag treffast vi igjen kl 10.00 til øving og kl.11.00 er det Tårnagentgudsteneste. Familie og vener er også invitert til gudstenesta.

 

Det vil vera agentar i mange kyrkjer over heile landet som skal løysa mysterium. Vi håper du har lyst til å vera med. Det kostar ingenting å delta. Du vil få e-post med meir info når du har meldt deg på. 

 

Når: Invitasjon kjem i posten til medlemmar (barn som er døypte i soknet) når det nærmar seg tida for arrangementet. Om ditt barn ikkje er døypt eller tilhøyrar ein annan kyrkjelyd enn Den norske kyrkje, kan du registrere deg som trusopplæringsabonent på kirken.no (søk på "trosopplæringsabonent" i søkefeltet) og du får da invitasjon til trusopplæringstiltak i posten. 


Til føresett: 
Vi treng litt praktisk hjelp, blant anna med maten og med nokon av aktivitetane. Gje beskjed viss du kan vera med. Har de spørsmål eller treng tilrettelegging - ta gjerne kontakt.

 

Kontaktperson: For meir informasjon eller påmelding, ta gjerne kontakt med Anette Dagfinrud Thorset: anette.thorset@klepp-kirken.no / tlf. 919 21 631

Tilbake