1. klasse - Dåpsskule


 

Kven: 6-åringar

 

Målsetting: «Barna skal få lære om dåpen og kvifor dei er døypte, og at Jesus er deira usynlege ven.»

 

Kva: Dåpsskule

På dåpsskulen skal vi lære om Jesus og kva som hende då vi vart døypt.

Vi skal gjere spennande ting, få god mat og høyre om 3 seksåringar med rare tullenavn.

Alt dette og mykje meir skal vi få tid til når vi møtast i alt 7 gonger i haust/vår.

Du er spesielt velkommen! Snakk med mor og far om dette kan vere noko for deg. Mor og far får vite litt meir om dåpsskulen i eit eige brev til dei. 

 

Kor/når: Invitasjon kjem i posten til medlemmar (barn som er døypte i soknet) når det nærmar seg tida for arrangementet. Om ditt barn ikkje er døypt eller tilhøyrar ein annan kyrkjelyd enn Den norske kyrkje, kan du registrere deg som trusopplæringsabonent på kirken.no (søk på "trosopplæringsabonent" i søkefeltet) og du får da invitasjon til trusopplæringstiltak i posten. 

 

Vi har dåpsskule på ulikt tidspunkt frå skule til skule:
Kleppe på hausten
Engelsvoll om våren
Tu og Horpestad har annakvart år om våren.

 

Kontaktperson: For meir informasjon eller påmelding, ta gjerne kontakt med Anette Dagfinrud Thorset: anette.thorset@klepp-kirken.no / tlf. 919 21 631

Tilbake