NYTT fra plankomiteen juni 2022


20.juni vart prosjektet nytt kommunehus og ny kyrkje vedteke i Klepp kommunestyre, med dei planane som vann arkitektkonkurransen.

 

VEDTAK:

1. Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå avtale med L2 og Koth Arkitekter som vinnar av arkitektkonkurransen med forslaget KLEPPR, med tilhøyrande romprogram.

2. Vinnarforslaget vert gjennomført med ei kostnadsramme på 555 mill. kroner i 2022- prisar. Kostnadsramma blir prisjustert i samsvar med byggeprisindeks årleg i rullering av HØP.

3. Ny kostnadsramme blir innarbeida i økonomiplanen i 2023-2026. Endeleg tidspunkt for utlysing av anbod og utføring blir vurdert på nytt våren 2023.

4. Optimalisering av ungdomslokale for kyrkja i kommunehuset skal gjerast i samarbeid med kyrkja, for å sikra at intensjonen med eige ungdomslokale på 300 m2 inkludert hems og eigen inngang vert ivareteke.

Tillegg 1: Det vert oppretta ei plan og byggjenemnd som blir styringsgruppe for prosjektet. Nemnda skal bestå av politiske representantar valde av kommunestyret, medlemmer frå administrasjonen oppnemnt av kommunaldirektør, og representantar oppnemnt av kyrkjelege fellesråd. Kommunedirektør blir bedt om å utarbeide eit mandat for nemnda til neste møte i kommunestyret.

Tillegg 2: Kommunestyret ber om ei sak som viser moglege bygg og eigedomar som kan seljast, slik at samla gjeldsgrad held seg under 75 % av inntektene.

 

Dette vedtaket gjer at vi no kan halda fram arbeidet med å planleggja den nye kyrkja i detaljer.  

Plankomiteen er spesielt glade for punkt 4 i vedtaket, at ungdomslokale for kyrkja er så tydeleg definert.

Tilbake