Kyrkja sine medlemmer i styringsgruppa har heile tida jobba for å få til eigen ungdomssal under kyrkjesalen, i fyrste omgang som ein grovkjellar. Dette har vore ei klar prioritet frå menigheten si side, og har motivert til å driva innsamling av midlar ved omfattande dugnadsarbeid. I valte arkitektforslag er det foreslått at ungdomssalen ligg i underetasjen i eksisterande kommunehus. I siste styringsgruppemøte ble det lagt frem ein kalkyle som viste at dette ville bli mykje dyrare enn først antatt, og det ville auka risikoen i prosjektet
Kommunedirektøren har hatt møte med kyrkja sine representantar og det er nå semje om å gå videre med å optimalisera det forslaget som ligg i vinnarforslaget, nemleg at lokalet ligg i kjellaren av eksisterande rådhus. Forutsetninga er eit samla areal på 300 m2, inkludert hems og eigen inngang. Innsamla midlar frå menigheten vil då inngå i innreiing av dette lokale, og sjølve utforminga av dette lokalet vil gjerast i nært samarbeid med menigheten.
Ny framdriftsplan for byggeprosjektet:
· 14.02.2022 Kommunestyremøte: Valg av arkitektforslag, med tilhørende romprogram
· Høst 2023 Godkjenning av kostnadsoverslag etter anbud (KII)
· Årsskiftet 2023/2024 Oppstart byggeprosjekt
· Våren 2026 Innflytting
Leif Solberg