Småbarnssong 22. august - påmelding


For alle eitt- og toåringar i Klepp sokn født januar-juni i 2020 og 2021.

 

Invitasjon til samlinga er sendt med posten og kjem i disse dager i postkassa adressert til barna.

 

Hugs å melde deg på rett samling (ei samling for eittåringane og ei for toåringane). Påmeldingsfrist er torsdag 18. august. 

Påmelding HER.

 

Småbarnssong er trusopplæringstiltaket for eitt- og toåringar i Klepp sokn. Vi har eit kurs som går over sju måndagar denne hausten. Dette er ei enkeltsamling i forkant av kurset. Då får alle anledning til å komme ein ettermiddag og teste ut ei samling med småbarnssong.

Dei som er født januar-juni blir invitert til ei samling i august/september, dei som er født juli-desember blir invitert til ei samling i desember.

For å kunne tilpasse innhaldet til dei som er med deler vi samlinga inn på denne måten:

  • Kl. 16.45 - 17.30: songstund for eittåringane
  • Kl. 17.45 - 18.30: songstund for toåringane

 

Dei som ønsker å bli med videre på kurset i haust, er hjarteleg velkommen til det. Påmelding til kurset ligg ute på heimesida vår.

 

Ta kontakt på mail andrea.bjorkavoll-bergseth@klepp-kirken.no dersom det er noko du lurer på.

 

Velkommen til ein kjekk ettermiddag!

 

Tilbake