Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


0-1 år - Babysong


Velkommen til babysong i Klepp kyrkje!
 

Bilde av baby holdes opp i luften

Born elskar song og musikk allereie frå dei ligg i magen. 
På babysong syng me gode songar i lag, og me lærer rim og regler som er kjekke for store og små. Me blir og betre kjende med andre vaksne og babyar gjennom leik og god tid.

Ingen treng å ha god songstemme for å vere med på babysong. Bornet ditt elskar stemma di slik som ho er!

  • For born mellom 0 og 1 år. 
  • Måndagar kl. 10.00 - 11.30 i menighetssalen i Klepp kyrkje

Oppstart hausten 2026: Måndag 17. august. Du treng ikkje å melde deg på. Bare møt opp.

Sjå kalenderen på kleppkyrkje.no for datoar. Me har samling kvar måndag med unntak av:

  • 31. august
  • 5. oktober
  • 7. desember

 

Praktisk info:

  • Kjem du med vogn, er det fint å trilla ho rett inn i kjellaren.
  • Det er lurt å ha med eit pledd/handkle kvar gong til å legge oppå matta. 
  • Me legg opp til at foreldra kan ete i lag etter songstunda medan borna leiker på mattene. Ta med eiga nistepakke om du vil. Me stiller med kaffe/te og frukt.  
  • Pris pr. kalenderår er 100 kr. Med å vere innmeldt i Søndagsskulen Norge, får me økonomisk støtte per betalande medlem. På den måten har me anledning til å kjøpe inn mat til samlingane, tepper og anna utstyr me treng for å drifta babysong.  

Velkommen! 

 


Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Kari Kjestveit

 kk595@kirken.no
 95 96 40 83

Tilbake