Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Ei klagesalme frå Klepp


Klagesalmar finn vi mykje av i Salmane i Bibelen. Eit døme på det er salme 55. Den gong som no var behovet for å klaga nokre gonger større enn behovet for å lovprisa. Og den gong som no har Gud stor takhøgde for det behovet

EI KLAGESALME FRÅ KLEPP, JANUAR 2021

«Denne dagen kjennast ikkje lettare enn gårsdagen. Korleis starte opp, komme i gang?

Erna har opna opp pitte litt, men ingenting kjem skikkeleg i gang. Heimekontor, obligatorisk helsesjekk på badet kvar gong ytterdøra skal opnast. Alle blikka når hostekula plutseleg kjem midt i butikken! «Eg satt berre noko fast i halsen, eg lover!». Ikkje besøk i dag heller, kanskje i morgon? Små tankar kan vokse seg så store når dei får vere heilt for seg sjølv opp i hovudet. Nei, dagen i dag er ikkje lettare enn gårsdagen, han er faktisk litt tyngre…

Og alle dei nyhendene på fjernsynet, på nettbrettet, i avisa, på mobilen… Det vil ingen ende ta, alt som kan gå galt går liksom galt. Det er i alle fall det journalistane prøver å grave opp og få fram. Ikkje lett å sovne på kvelden med ein lysande telefon rett framfor nasen.

Dei treng ikkje grave så djupt for tida heller, desse journalistane, det ligg meir enn nok rett under overflata. Pandemi, Trump, USA, skred, brann, klimakrise, mutasjon, isolasjon, depresjon, desperasjon, det er nok å ta av. Denne uroa, ufreden, den kan ta heilt overhand somme stunder, det verker i magen, hovudet, ja i heile kroppen!»

 

Takk du Underfulle rådgjevar, Veldige Gud, Evige far og Fredsfyrste for din fred, den freden som overgår all forstand. Eg ber deg om at du kjem med din fred over alle som har tunge dagar og tankar som veks seg for store. Takk for at du er Klippen som står fast når alt stormar rundt oss. AMEN

Tilbake