Klepp kyrkje inviterer alle barn født i 2019 til utdeling av barnebibel! Det blir sendt ut invitasjoner via post.
Tiltaket går over to samlingar:
· Samling 1:
Torsdag 26. oktober kl. 17.00 – 18.30 i Klepp kyrkje.
Her får du høyra ei spennande bibelforteljing frå barnebibelen, lære eit par songar, pynte båtar, sjå deg ikring i kyrkja og ete pølser. Vi øver på utdeling av biblane, desse blir delt ut søndag på gudstenesta.
Presten i Klepp kyrkje kjem og fortel om dei ulike fargane han bruker til prestekjolen sin og om kvifor kjolen heiter «Alba».
· Samling 2:
Gudsteneste søndag 29. oktober kl.11.00-12.00 i Klepp kyrkje.
Her får du utdelt barnebibelen og tar den i bruk allereie på sjølve gudstenesta. Ein vaksen kan vere med fram om det er litt skummelt. Dei som vil kan vere med og vise litt av kva vi gjorde på onsdagen.
Meld deg på her
Vi gler oss til å treffe dykk!
Beste helsing Karoline Undheim og Just Salvesen
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Karoline Undheim
karoline.undheim@klepp-kirken.no
51 78 95 55