Preike - 12.søndag i treeiningstida


Av Andreas Haarr

 

 

Tekstlesning
Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?  Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?  Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.  

Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.  Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Matt 6,24-34

Om å gå fort på handelslaget og morgonsmat

Av og til og rett som det er så er eg på handelslaget for å handla. Det er i grunnen ganske gildt, der kan du treffa mykje gilde folk. Så må det og seiast om handelslaget, om alt det som er godt der, det er langt å gå. Det er knapt nok at eg har vore ganske til endes….Så det hender jo at eg går litt fort for å nå fram, og som regel må eg jo tilbake fordi eg gløymde noko der i starten. Det hender då at det er folk som har sagt til meg; det ser ut som om du har det så travelt.

Eg kan forstå reaksjonen. Men samtidig vil eg jo seie at det er både synd og skam å ha ein prest som går for fort. Ein prest skal gå seint og ha god tid til å snakka med folk.

Så om du spør meg kva eg nå skal gjera som pensjonist, så er eit av svara at eg skal  nå øva meg i å gå seint. Og seie til meg sjølv at eg har all verdens tid. Og så skal eg skal øva meg i å eta min morgonsmat seint.

Ein tallark med havragraut, i helga rundstykker og egg og sild. Og kaffi alle dagar. Og det skal skje i fred og ro. Og så skal eg ha fred og ro til å lesa eit Skriftens ord og be ei bøn til Gud. Så kan dagen starta og så får me sjå kva som kjem og kva eg elles skal finna på.

Eta morgonsmat i lag.

Det er nå eg ser for meg at det er nokon eg har gått for fort forbi i løpet av desse åra eg har vore prest her. Det var då eg kunne tenkt meg, tenk om me kunne sett oss ned og ete morgonsmat i lag. I fred og ro. Anten det nå er til havragraud eller runstykker.  Og snakka litt i lag,

Snakka om alt og ingenting, om livet, om det som har vore og er rundt oss, om gleder og sorger kanskje, og kanskje me må eta morgonsmat i lag to og tre gonger for at me verkeleg skal snakka om det me ikkje likar og gruar for og bekymrer oss for. Dei tankane som ligg litt innanfor skalet.

Folk er folk. Javisst er me ulike og javisst er me like. Nokre bekymrer seg meir, nokre mindre for dagen i morgon.

Det var då eg kunne likt at me uansett kunne ha snakka i lag om at same kva me uroar oss for, bekymrar oss for om morgondagen, så seier du kva du tenkjer og meiner, og eg seier koss eg tenkjer, og eg ville nok sagt noko om at Gud er Gud alle dagar. Sjølv om eg ville vore snar og til å seie at eg har ikkje svar på alle kvifor og koss.

Gud er Gud. Det koker ned til det. Jesus er oppstanden og levande. Den heilage Ande har kome. Det gjer noko med det livet me lever nå, og koss me lever og koss me tenkjer om morgondagen.

Alt som er godt!

Denne sundagens tekst handlar då om å ikkje uroa seg for morgondagen. Om bekymringane våre.

Men me og seie at det er jo mykje som er både gildt og flott. Me har ikkje lov til å hoppa over at her er mykje gildt. Eit godt stykke med fløytekake, det er jo godt? Eller du treffer eit barn som smiler og ler, kan det vera noko flottare? Ein gong eg var langt heimanfrå og gjekk forbi ein lekepark, der var det ei mor og eit barn i ei dissa, mora gav fart, og barnet smilte og lo hjarteleg, og eg tenkte, dette er eit bilete på noko himmelsk. Alt dette som er flott, ikkje gløym å leggja merke til det.

Det er ikkje slik som han sa, han synante, som var i byen på betre middag, og så fekk me noko til slutt som dei kalla dessert, det var så godt at eg trur mest at det var synd.

Nei. Det er ikkje slik med alt som er godt. Ja, det står noko i skrifta om at når eit menneske får eta og drikka og gleda seg over det han har, så er det og ein gave frå Gud. Det er stor visdom i det, når me får eta og drikka og gleda oss over det me har, det er ein gave frå Gud.

Så gled deg, Gud er Gud med mykje gleda. Det er ein god tanke at Gud er skaparen av gleda. Så gå seint av og til, og leit etter det er som er små glimt av himmelsk gleda, midt i kvardagen.

Bekymringane

Men så til bekymringane. Våre bekymringar for dagen i morgon er ulike. Nokre har store, andre små bekymringar. Det som iallefall då er sant, det er at det er ingen snarveg forbi. Ikkje noko hokuspokus ut or alle bekymringar. Ikkje for den som reknar med Gud heller.

Men. Det er noko med det som me sier til kvarandre når det er jul. Med ulike ord har eg nå sagt dette i 17 år. Men eg og me treng å minnast på det alltid:

Barnet i krybba som kom og vart menneske, det skjedde for at me skal sleppa vera redde Gud, og det skjedde for at me skal oppdaga at Gud er vår Far. Jesus har tatt steget inn i vår kvardag. Og Gud har vorte Gud for alminnelege folk.

Der er ingen grunn for at me skal leva som om Gud er framand. Jesus viser oss kven han er.

Jesus stig inn i vår kvardag, han får adresse her hjå oss, seier me i jula. Og me seier det til kvarandre når det er påske: Jesus lever. Han vann. Og me er på vinnarlaget i lag med han. Og me skal ikkje tenkja at Gud har trekt seg tilbake på ubestemt tid. Nei, for pinsen kjem med DHA og tenner eld og brann og ei enkel kvardagstru, Gud, du er min Far, Jesus du er min bror og hjelpar og frelsar.

Eg sa at det hadde vore fint om me kunne ete morgonsmat i lag og snakka  lag. Eg høyrer nå at det er jo ingen som vil eta i lag med meg og eg skal halda på og preika slik som dette nå utvikla seg- det er her du berre må vera frimodig og avbryta meg…

Rundt eit kjøkkenbord.

Så trur eg faktisk at Gud er enkel. Og at han kjem der han vert invitert inn, og er der i lag med dei som er rundt eit kjøkkenbord, og deler sorger og gleder over livet.

Ja, det står jo noko i Skrifta om dei som gjekk langsmed ein veg og snakka om Jesus, og medan dei snakka om han så kom han og gjekk i lag med dei. For meg er det ein fantastisk tanke. Snakk om han, så kjem han. Same kor me er og same kva me gjer på. Og etterpå skjedde det rundt kjøkkenbordet i eit ganske alminneleg hus, medan dei åt, då kjende dei att Jesus. Lys levande på deira kjøkken. Så vart han usynleg for dei. Men han forsvann ikkje. Han vart berre usynleg. Han forsvann aldri meir for dei.  Han var jo der alltid, det sa han, eg er med dykk alle dagar.

Så har eg nok mange gonger sitert Jesus når han sier: Fylg meg! For det seier Jesus til oss alle. Som eit kall til oppbrudd og at me skal vera hans læresveinar og etterfylgjarar. Men, det er og sant at av og til står det om Jesus at han dreiv på med heimebesøk. I dag vil eg vera med deg heim, sa Jesus. Han gjekk heim til folk. Rett som det er til ganske upassande folk som ikkje hadde alt på stell. Når eg er trøytt, når eg ikkje får dagen til, når eg ikkje kan tenkja meg ta eit einaste steg nokon plass som helst, då kjem Jesus til meg.

Ikkje for å sjekka ut og kontrollera. Men for å visa at han er Guds milde ansikt, han er Guds gode blikk, han er Guds utstrakte hand, i dag. Til meg. Til deg.

Vårt daglege brød.

Så kva gjer me med bekymringane? Me får be, Gud, gje oss i dag vårt daglege brød. Altså, at Gud gjev oss det me treng for denne dagen. Ikkje for morgondagen, men for i dag.

Alt eg ber på i dag Gud, ta du det. Me bed om dagleg brød. Me bed ikkje om brød og om alt me treng for morgondagen. Berre det me treng for i dag. Så får morgondagen koma med det den har. Så skal me  be same bøna i morgon og, for det den dagen treng, gje meg det eg treng for denne dagen. Kvar dag har nok med si møda. Klart Jesus veit det. Han gjorde seg og mange bekymringar for dagen etterpå. Så difor lærte han av sin Far at ein dag om gongen er nok. I dag hjelper Gud.

 

Kjære kyrkjelyd.

Det hadde vore flott å ete morgonsmat i lag. I all enkelhet, rundt kjøkkenbordet. Og snakka om laust og fast og livet og det som me går og ber på.

Og så er eg ganske sikker på at når me snakkar om kor Jesus er oppi alt dette, ja så kjem han til oss og er den usynlege gjesten rundt bordet.

Så er det mi bøn for min morgonsmat og din, for mitt hus og ditt hus, at me kan eta og leva under Guds opne himmel, med Jesus rundt bordet. Slik at me e at same kva dagen kjem med, eg møter det i lag med med Jesus Kristus.

Bøn:

Takk Jesus at du stig inn i vår kvardag. Takk Jesus at du kjenner våre tankar og våre bekymringar. Lat oss få hiva all uro for dagen i dag over på deg. Gje du oss kvar dag vårt daglege brød.

Ære vere Faderen og Sonen og DHA, som var er og vera skal, ein sann Gud frå æve og til æve. Amen

 

Tilbake