Avskjedsgudsteneste for soknepresten


Søndag 23. august vert det utegudsteneste kl 11.00 utføre Klepp kyrkje

 

Vi trur det vil vera til stor glede for Andreas å kunne samla mange Kleppsbuar til ein avskjed der vi kan få retta ei takk for 17 gode år som sokneprest i Klepp.
Planen er ei utandørsgudsteneste utføre kyrkja, sidan vi ikkje kan samla meir enn 60-70 personar inne så lenge 1-metersregelen gjeld.
Etter gudstenesta vert det rom for helsingar. Meld inn til dagleg leiar om du vil koma med ei helsing.
hilde.djonne@klepp-kirken.no


Me håpar mange vil vera med og gjera stas på Andreas denne dagen.

Helsing Klepp sokneråd

Tilbake