Preike - 3. søndag i openbaringstida


av Andreas Haarr

 

Det store gjestebodet

Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.»  Men Jesus sa til han:

«Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange. Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’ Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’ Ein annan sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.’ Endå ein annan sa: ‘Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.’ Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren sint og sa til han: ‘Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.’ Tenaren kom att og sa: ‘Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.’ Då sa herren til tenaren: ‘Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt. For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.’»

(Lukas 14,15-24)

For nokre år sidan var kong Harald i Hå. Då skulle det mellom anna vera eit måltid på Hå gamle prestegard. Der er det to store stover. Då vart spørsmålet: Kven skal eta i same romet som kongen? Kven kjem fyrst i rang – og alle ville vera i same stova som kongen.

Gjestebod

Det er Jesus som fortel historien, om ein mann som ville halda eit gjestebud. Det er jo bilete på Gud som som bed inn. Jesus gjekk sjølv i mange selskap.  Til høg og låg på rangsstien. Og nå inviterar han alle til selskap i sitt rike.

 

Der er plass for alle i Guds rike. Der er plass for alle han har skapt. Der er plass for alle, uansett koss me oppfører oss og kva me tenkjer og meiner. Når Jesus traff på folk, så spurde han dei aldri kva trur du? Kva meiner du? Men han sa: Kom, fylg meg.

Han inviterte folk til å fylgja etter seg sjølv. Så lærte han dei og viste han dei koss Guds rike er. Det at dei møtte Jesus fekk konsekvensar for koss dei levde. For ja, dei måtte endra måten å leva på. Sakkeus måtte gjera opp i sine økonomiske greier og betala tilbake. Ho som hadde levt feil fekk høyra, trua di har frelst deg, gå og synda ikkje meir. Peter sa mange gonger feil svar på det han vart spurt om, det enda opp med at han fekk spørsmålet: elskar du meg? Og då er det der me og endar opp, det er i lag med Jesus det skjer, der veks trua, der veks kjærligheten, der vert folk forandra. Kom, sa Jesus fylg meg.

Om å takka nei… 
Og så var det mange som takka nei til invitasjonen. Orsakingane var gode. Nykjøpt jordstykke, 5 par nye oksar, ny kone. Visstnok var det slik at ein invitasjon gjekk ut i forkant: Du vert om 3 veker invitert, gjer deg klar! Når så festen var klar gjekk det ut ny invitasjon. Det betyr alle kunne innstilla seg på koss det vart. Dessto meir uforståeleg er det at dei takka nei. Dessto meir fornærmande mot verten at dei ikkje ville koma. Dei ville ikkje. Alt dei skal gjera i plassen kunne dei ha ordna i går, eller i morgon.

Der står mange stolar tome i Guds rike Tenk nokre seier nei til Guds invitasjon.Han lagar til fest. Han kjem med tilbod om alt som er godt. Dine  byrder vil eg bera. Di synd har eg sona. Din angst vil eg ta meg av. Dine bekymringar vil eg letta.

Så er det likevel så mange som prioriterar annleis. Noko anna vert viktigare enn festen i Guds rike. Kongen bed til fest, eg vil heller prioritera sommarstuga, bil och erotikk som Bo Giertz uttrykker det.

Kanskje nokre  tenkjer at Gud vil ta frå meg det eg likar best, at Gud vil begrensa livet mitt. Festbrems er det nokre som er. Nokre trur kanskje at det er Gud som er den store festbrema. Så er det tvert om: me er invitert for å få meir, for å få alt, Så gjekk invitasjonen vidare til dei andre, til kven som helst. Difor er me og invitert, difor kom ordet litt etter litt til oss og. Klokkene kallar i dag og til brudlaup og fest i Guds rike.

Men, så er det og eit alvor her, i dag er dørene opne til fest, me har ingen garanti for at dei er opne i morgon.  Av og til så vert det og sagt noko om at ein gong vert dørene stengt, der er eit alvor i å takka nei til Gud. I dag vert det sagt, kom for alt er ferdig, i dag når du høyrer hans røyst.  I dag er nådens tid.

I dag
Og så skal det seiast og i dag: Kom, for alt er ferdig. Me bed inn til nattverd og måltidsfellesskap. Javisst er det stor skilnad på Guds rike slik me ein gong skal oppleva det, og ein ganske alminneleg gudsteneste her. Å seie nei til ei gudsteneste her er ikkje det same som å seie nei til Guds rike.

Men så er det og store likheter mellom gudsteneste og Guds rike.- For nettopp her vert me invitert til å dela bord i lag med Jesus. Alle vert invitert. Kom sa Jesus. Det er fullført sa Jesus. Me forkynner hans død og oppstode her, mottar syndenes forlatelse og vert styrka i trua på at ein gong skal me samlast og oppleva den fullkomne og heile gleda i Guds rike. Gud har ein intens vilje til fellesskap med oss alle.

Bøn
Takk Gud at du inviterar meg til deg.
Hjelp meg å ta imot invitasjonen i dag.
Amen

Tilbake