Vekas oppmuntring, veke 26


Å kikka ut i lufta.

 

I sommar? Kva eg skal gjera? Det vert nok å kikka rett ut i lufta ein del. Berre sitja roleg og kikka. Og ha ferie i lag med ein kopp kaffi. Så høyrer eg nok fuglane. Tjelden og måkane. Vipa òg innimellom. Og så lerka som syng høgt i sky. Spoven kan eg òg høyra. Eg likar lyden av spoven, den minner meg om barndomen. Og så skal eg snakka litt med kvigene på nabomarka. Det er triveleg. Dei likar litt folkasnakk. Dette kan fort verte ein god sommar. Og så skal eg lesa ei salme eller eit anna bibelvers. Og senda ein takk til Gud for kvar einaste dag og for kvar einaste god oppleving som han gjev meg. Eg kjem nok til å lesa frå salme 104:

    24 Herre, kor mange dine gjerningar er!

          Og alle har du gjort med visdom,

          jorda er full av det du ber fram.

         

    25 Her er havet, stort og vidt,

          med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.

         

    26 Der stemner skipa fram,

          der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.

         

    27 Alle ventar på deg,

          at du skal gje dei mat i rett tid.

         

    28 Du gjev, og dei sankar,

          du opnar handa, og dei blir metta med det gode.

         

    29 Du løyner andletet, og dei blir gripne av redsle,

          du tek livsanden frå dei, då døyr dei

          og blir til støv att.

         

    30 Du sender ut din Ande, og dei blir skapte,

          du gjer jorda ny.

         

    31 Måtte Herrens ære vara evig

          og Herren gleda seg over sine gjerningar!

Tilbake