Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Preike - 2. søndag i treninghetstida


av Andreas Haarr

Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Matteus 3,11-12

 

Dåp
Rett som det er har me dåp.

Dåpsborna hugsar ikkje noko av denne dagen.
Men det gjer Gud. Hugsar då me vart hans.
Dåpen er Guds påfunn.
Me vert døypte for å få del i alt det Jesus kom for å gje oss. Difor vert dåpen og kalla ein ny fødsel. Så grunnleggjande er det som skjer i dåpen. For at me skal tilhøyra Gud. Me vert teikna med krossmerket for at alt det Jesus gjorde skal vera vårt. Så er det berre å sjå på dei som vert døypte.
Dei veit kor det er mat og liv å henta. Hjå mora.
Faren kan vera gild ei stund, eller besteforeldra, men det er mora som tel.
Så skal dei nydøypte læra oss å ha vårt blikk retta mot han som gjev oss livet, Gud.

Som ei mor har mat og er liv for sitt barn, så har Gud mat og er livet for den som er døypt. Og me skal aldri vera i tvil om kor me skal ha blikket, kor me skal venda oss for å få det me treng for å leva. Det er eit evangelium å vera døypt. Det er nåde og trøyst og den beste sjelesorg å kunna setja seg ned og tenkja; eg er eit døypt Guds barn og det skal ingen få ta i frå meg. Gud er min Far, Jesus er min bror og frelsar. Det er Gud som har ordna dette. Den Heilage Ande er og gjer at eg lever i dette. Då skal eg sleppa måtta vera redd for at eg er god nok eller kristen nok eller from nok. Dette har Gud ordna. Eg kan nok tvila på meg sjølv, men ikkje på det Gud har gjort.

Så skal nok eit barn litt etter litt øva seg i å verta mindre avhengig av mor, og far, Til ein dag barnet flytter ut og er sjølvstendig. Så ikkje overfor Gud. Me skal alltid vera like avhengige av Gud. Me skal alltid leva i hans hus. Som hans barn.

 

Men omvendelsen då?
Det er fordi me er som me er og så går det ikkje så lang tid før dei nydøypte tek til å slost med sine søsken eller andre om lekene. Ganske av seg sjølv finn dei på å slå kvarandre i hovudet med spada og å ikkje dela lekene med kvarandre og ja, vera alminnelege menneske. Og så kjem dei óg – som me alle gjer - til å blanda i hop at å gjera seg mindre avhengig av mor og far, det og betyr å gjera seg mindre avhengig av Gud. Me vil klara oss sjølv.

Omvenda seg, det er å snu blikket, ja alt som er i oss, tilbake til Gud. Djupast sett er det Gud som er der, ved sine gode Heilage Ande, og lokkar og dreg oss. Kom, det er eg som er livet og har livet.

Då vert omvendelse noko som skjer jamt og kvar dag. For eg må øva meg i å vera vend mot Gud, mot Jesus. Eg vil helst vera oppteken med meg og mitt. Mildt og kjærleg kjem då Gud ved sin Heilage Ande og snur blikket mitt mot han som er livet.

 

Men dommen då?
Det står noko om at kornet skal verta renska på treskjeplasen.
Så går det an å tenkja, denne reinsinga vil han la skje med meg kvar dag.
Reinsa meg, så eg ikkje lever Gud imot.
Reinsa meg, så eg kan æra Far min med mitt liv.

Då tenkjer eg at noko av dette skjer i den daglege omvendinga, når eg har blikket mot Gud og det Jesus har gjort for meg, når eg lever så nær Jesus at han kan prega meg og tilgje meg. Dommen på den siste dagen? Det er mitt håp, ja eg veit at då er dommaren den same som han som har gitt sitt liv for meg, for at hans liv skal vera mitt liv. Det er litt av ein dommar. Som dømmer alt i meg som ikkje er av Gud, og samtidig seier: Det er alt gjort opp for. Du er frikjend. På grunn av meg, Jesus Kristus.

 

Me er døypte.
Her gjeld berre dagleg omvending: å snu og gå tilbake til farshuset: Og få høyra: Skund dykk, finn fram dei festkleda og beste maten, for denne sonen min var bortkomen og er attfunnen. Set fram den beste maten. Det er den me har sett fram på altarbordet. For tome hender som tek imot mat frå Jesus sjølv. 

 

Tilbake