Dagens oppmuntring, torsdag 18. juni


 

3x3 KLOKKESLAG

Kva betyr det når vi ringer i kyrkja med 3X3 klokkeslag heilt mot slutten av gudstenesta? Er det for å teste om kyrkjelyden klarer å vere heilt stille? Er det for at presten skal få seg ei pause eller at kantoren må ha tid til eit sceneskifte?

På den Norske kyrke si nettside står det om 3X3 klokkeslag at: "Etter at velsignelsen er lyst, ringes det i kirkeklokken med 3 ganger 3 slag. De tre slagene er ment som en påminnelse om den treenige Gud og oppfordre oss til bønn."

Fadderen min fortalde meg for mange år sidan at ho kvar gong det var 3X3 klokkeslag i kyrkja, bad for og velsigna alle fadderungane sine. Det har eg aldri gløymt og det minner meg kvar gudsteneste om å be for mine eigne fadderbarn.

Klokkeslaga kjem rett etter vi har mottatt Herrens velsigning. Kanskje du kan gi velsigninga videre til nokon neste gong du høyrer 3X3 klokkeslag?

Tilbake