Bløm der du er planta, står det på bilete. Ja, mykje kan me seia om det. Blomar gjer akkurat det. Dei står der dei er planta og lyser vakkert mot oss. Er det mogleg for deg og meg å bløma her me er planta? Eg kjem til å tenkja på ei av bøkene til Tomas Sjødin som han har han gitt tittelen: «Den som finner sin plass, tar ingen annens». Nokon av spørsmåla han skriv om er korleis eg kan vita om eg har kome på rett stad i livet, om retten til å stille spørsmål og undra seg og å få kvile i å finna min plass. Om du berre skal lesa EI bok i sommar, kan eg anbefala deg den.