Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Dagens oppmuntring, torsdag 11. juni


Om det å be…

Det kan nokre gonger vere tungt å be. Eg får det ikkje alltid heilt til. Ikkje finn eg dei rette orda, konsentrasjonen er ikkje på topp og kanskje har eg ikkje noko å be om,  eller motsett, alt for mykje å be om og klarar derfor ikkje starte nokon plass. Bøn er heldigvis ikkje noko som har to strekar under svaret, det er ikkje noko ein skal prestere, framføre eller vurderast i.

Eg likar definisjonen av ordet «å be» på wiktionary (https://no.wiktionary.org/wiki/be). Der står det mellom anna at å be er «å invitere noen». Det å invitere nokon, bruke tid saman med dei, ha fellesskap, kanskje er det nettopp dette bøn handlar om. 

Det er, om ikkje anna, eit godt utgangspunkt...å invitera Han inn.

«På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord. Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.»

Rom. 8, 26-27

Tilbake