Dagens oppmuntring, onsdag 10. juni


 

Gud er ikkje framand.

"Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for." Lukas 10.22

Gud er ikkje framand. Jesus har vist oss korleis han er. Og Jesus fortel at Gud er faren som ser etter oss. Me kan tulla oss vekk frå Gud. Gud snur ikkje oss ryggen uansett. Og Johannes openberring 21.3 fortel at « Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud skal sjølv vera hos dei. Han skal vera deira Gud. Han skal tørka kvar tåre frå augo deira.» Ingen kan vera oss nærmare enn han som turkar tårene våre.

(illustrasjon av Chris Koelle)

Tilbake