Preike - søndag før pinse


Av Andreas Haarr

 

 

Tekstlesning:
Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.
(Johannes 15,26-27)

Gud gjer  ganske mykje heilt  åleine.
Han skapte. Me seier det i truvedkjenninga: Eg trur på Gud Fader, som skapte himmel og jord. Ingen hjalp han. Ingen var det og gav han råd om korleis det burde gjerast. Ingen gav han gode idear. Det er då svenske Brit Hallquist seier i eit barnedikt, det er godt gjort å koma på å skapa skrukketroll når du aldri hadde sett noko før !

Og Gud held alt dette oppe og i gang. Han lar sol og måne gå sine baner. Han lar regnet falla over rettferdige og urettferdige på likt.

Gud kom på ganske åleine at han ville senda sin son til oss.For me hadde totla oss vekk. Jesus kom. Og ordna veg, ordna rom, ordna alt som trengs slik at me kan vera Guds barn. Jesus gjorde det åleine. Døde og stod opp. Med Guds hjelp. Ikkje med vår hjelp. At frelse er mulig er Guds verk, på grunn av det Jesus gjorde.

Frelse er mulig og frelse pågår. Fordi Jesus døydde og stod opp.

Jesus gjorde alt klart. For at du og eg kan vera Guds barn. Vere ein del av den kristne kyrkja. Han gjorde alt åleine. Men han valde seg ut læresveinar og etterfylgjarar.Han gjorde seg faktisk avhengig av nokon rundt seg.

Gå ut!
Og Jesus sa til dei:
Gå ut i alle verda og forkynn evangeliet for alle folk.
Døyp dei og lær dei.

Gå ut, sa Jesus. Og då er det at de må hugsa på å få med dykk alle kurs og opplæringar før de går, Teologi og dogmatikk og etikk og kateketikk og organisasjonskultur og økonomi og kommunikasjon og lesing og rekning og høgtlesing.

 

Det sa Jesus ikkje. Nå hadde dei jo hatt ein tre-årig skule. Teori og praksis omanidom. Dei hadde vore ute på praksisturar to og to. Dei hadde sett og lært av Jesus. Dei kunne ikkje hatt betre opplæring.

Gå og lær dei, sa Jesus. Men, få med dykk Den Heilage Ande. Når talsmannen kjem, han som eg skal senda frå Far, sa Jesus. Då skal de gå.

Pinse
Neste helg er det pinse. I dag skal me tek pinse litt på forskot. Det gjer ikkje noko, utan pinse kunne me ikkje vore her. Pinse er DHA. Den vanskelegaste høgtida i kyrkjeåret.

Gud vil ha det felleskapet med oss. 
Det er det Jesus ordnar. Og DHA gjer det levande for oss.
Jesus går her på jorda i om lag 33 år, viser folk kva himmelen er, koss Gud er, Han set folk fri, og han tilgjer synd. Stå opp å gå, du er fri, di synd er tilgitt. Etter påske skal det ropast ut til alle. Og de skal få hjelp av DHA. DHA viser at alt som skjedde med Jesus er for at eg skal få vera Guds barn.

Difor feirer me pinse.
DHA, som er hjelparen me får for at Ordet om Jesus skal vera eit levande ord og  i dag. Det gode budskapet og frihet og tilgjeving - skal verta levande for oss.

Så har me det kjempegodt. Rike er me. Bur i verdas rikaste land. Har det godt. Så spør me likevel: kva er meininga med livet?
Så er me med i lag med Adam og Eva, langt uti periferien, leitar etter meining  og lukka
o vert lurte til å tru at meining og lukka er vekke frå Gud,

Meininga med livet er Gud. Han er poenget.
Me har tylla oss vekk
Gud er på leit.
Me finn ikkje ro i sjela før me lar Gud finna oss.
DHA er der og koordinerar arbeidet.

DHA, han vil hjelpa oss til å oppdaga Gud er midt i livet.

Takk Gud at du ser oss.
Takk for DHA som lar oss oppdaga at du Gud er her.

Tilbake