OPPSTART AV GUDSTENESTER I KLEPP KYRKJE
Vi er glade for at det no vert opna for gudstenester i kyrkja igjen!
Med opninga følgjer det med nokre restriksjonar og retningslinjer:
- Det er lov med maks 50 deltakarar per gudsteneste
- Hald deg heime dersom du er sjuk
- Hald minst ein meter avstand til andre
- Berre annankvar kyrkjebenk skal nyttast
- Alle deltakarar må registrerast med namn og telefonnummer
- Det vert midlertidige rutinar for blant anna nattverd og offer
- Det vert ikkje servert kyrkjekaffi
Sundag 24. mai har vi tre gudstenester i Klepp kyrkje:
- Kl. 09.30, gudsteneste med nattverd. Andreas Haarr. Offer
- Kl. 11.00, gudsteneste med 1 dåp. Andreas Haarr. Offer
- Kl. 12.30, gudsteneste med nattverd. Andreas Haarr. Offer
Det vil vere færrast plassar på gudstenesta kl. 11.00, då ein del av plassane er reservert dåpsfølget.