Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Dagens oppmuntring, torsdag 21. mai


Kristi himmelferdsdag

 «Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»»

Matteus 28, 18-20

Desse versa frå Matteus er kjend for mange. Dei vert kalla «misjonsbodet» og er noko av det siste Jesus sa til disiplane før han fòr opp til himmelen. Kvar gong det er dåpsgudsteneste vert dei lest som ein del av dåpsliturgien. Når teksten siterast i preiker og andakter vert det ofte nemnt kor fantastisk og trøystande det er at Jesus seier «eg er med dykk alle dagar så lenge verda står». Eg er ikkje ueinig, det ER verkeleg fantastisk at han har lova å vere med oss kvar einaste dag.

Det eg likevel heng meg opp i kvar gong eg høyrer desse versa, er kor bastant Jesus høyrest ut. Han spør ikkje forsiktig og seier ikkje at disiplane kan gjere det han ber om dersom dei vil og det passar seg slik. Nei, han er enormt direkte: «gå difor», «døyp dei», «lær dei». Det er nesten som eg ser for meg at Jesus står og veiver med peikefingeren. Likevel trur eg ikkje det er det inntrykket disiplane sat igjen med. I Lukas 24, 46-52 står det:

«og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette. Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.» Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei. Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede.»

Etter at Jesus hadde fare opp til himmelen, gjekk disiplane tilbake til Jerusalem i STOR GLEDE! Jesus hadde lova å sende Den heilage ande til dei. Dei var ikkje åleine om å utføra store misjonsbodet. Jesus hadde ikkje retta peikefingeren mot dei, han hadde lyfta hendene sine over dei og velsigna dei. Han velsigna dei medan han fòr opp til himmelen. Han har aldri slutta med å velsigne oss. Han ER med oss alle dagar, så lenge verda står!

«Herren velsigne deg

og vare deg!

Herren la sitt andlet lysa over deg

og vere deg nådig!

Herren lyfte sitt andlet mot deg

og gje deg fred!»

4. Mos 6, 24-26

Tilbake