Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Preike 5. søndag i påsketida


Av Leif Inge Brekke

Tekstlesning:
Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.
(
Joh 15:1-18)

Leiartrening
Det var sommaren eg var 17 år. Ein solfylt veke var eg på Skjærgårds, og hadde meldt meg på leiartreningskurs. Den eine dagen ble vi sendt ut i kajakk, med beskjed om at vi skulle få læra eskimorulle. Teknikken som brukas viss du kjem opp ned i vatnet med Kajakk. Med å bruke åra på rett vis får du snudd deg rett veg igjen. Det ser i grunn ganske spektakulært ut når du plutseleg bryt vatnflaten og sitt rett veg igjen.

Ein skulle tru at det vanskelegaste var å bruka åra rett, sånn at kajakken snudde, men det viste seg at det var like krevjande å halda roen og ikkje sleppa seg ut av kajakken på anna vis. Det var noko naturstridig i det å bli verande i kajakken der du satt, opp-ned, oppgitt av vatn.  Ein måtte stola på at det ein hadde lært funka, då klarte ein snu seg kjapt rett veg.

Etter leiken i vatn fekk var det tid for bibelundervisning, teksten var den same som i dag. «Ver i meg, så er eg i dykk» (joh 15,4). Der me satt, med nyvunnen erfaring frå kajakken, så gav orda enda meir meining. På same måte som me måtte stola på kajakken og åra, slik må me også stola på Gud. Viss me blir verande i han når farane truar, då vil me sjå at hans løfte held og me kjem oss til overflata igjen.

Greinar på eit vintre
Teksta bruker eit bilde om greinar på eit vintre som skal bera frukt. Me er ein grein, og på vintreet så blir me ein del av noko som er større en oss sjølve, me blir ein del av Kristi Lekam her på jord. Så skal me altså bera frukt, og det er her teksten blir utfordrande, fordi ho stiller forventningar til oss: Me skal vera greinar som ber frukt, mykje frukt.

Spørsmålet då er, kva er denne frukta? I Galatarane 5,22-23 les me: «Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.»  Kanskje ligg noko av nøkkelen her, i denne lista av masse gode ting? At det å bera frukt handlar om å la Gud prega kven me er i møte med andre menneskje og i møte oss sjølve.

Og frukta er vel noko vi alle vil ha? Kven vil ikkje ha meir kjærleik og glede? Kjenna meir på freden når livet stormar? Ha tolmod når irritasjonen bygg seg opp? Møta verda med mildskap og godleik? Visa truskap til det som er verdt å holda fast på? Og ha ein karakter prega av audmjukskap og sjølvdisiplin?

Den beste versjonen av seg sjølve
Samstundes er det ein grunn til at det finnes nesten uendeleg med sjølvutviklingsbøker å få kjøpt. Det er fordi slik endring ikkje er lett, det krev mykje av den som skal klara å gjer store endringar i livet. Ein vårens store sjåarsuksessar har vore kompani Laurtitzen, kor eit knippe større, og mindre, kjendisar blir innrullert Dag Otto Laurtizens kompani for å bli «den beste versjon av seg sjølve».

No har ikkje eg tru på militærdisiplin i møte med Jesus, men andens frukter handlar om mykje av det same. Korleis kan vi bli ein betre versjon av oss sjølve? Jo, med å la Den Heilag Ande få lov til å prega våre liv og våre tankar. Der Kompani Lauritzen skaper endring fordi ein blir rykka ut av kvardagen, å skal me trekka nærmare Gud og stila på at han gir vekst.

Me er gode nok!
Så er det viktig å huska at dette ikkje handlar om at vi skal gjera oss gode nok til Gud, nei, dette er ein konsekvens av me veljar å bli i Jesus. Det er Gud som gir vekst, ikkje kor flinke, fromme eller gode vi er. Veksten er ein konsekvens at vi er nær Jesus. Blir vi i Han skal vi bære mye frukt.

Utfordringa vår er å halda oss nær Jesus. Nokre gonger er det lett å lytta når Den Heilage Ande utfordrar oss på endring, desse små tankane som utfordrar oss til å bevega oss utanfor komfortsonen og som skaper endring. Andre gonger er det så mykje meir behageleg å berre overhøyra stemmen som utfordrar. Og la tanken om endring berre gå forbi.

Hjelp meg bera frukt
Endring kostar, og det gjer nokon gong vondt å gi slipp på noko for å bera meir frukt. Då er det viktig å ikkje mista av syne alt det gode det førar med seg over tid. Vi kan ha tillit til at Gud vil gode ting med oss, og at han vil at me skal bera God frukt. Gjennom Jesu død og oppstandelse er vi greiner på vintreet, rensa og klare til å bæra frukt. Det skal vera mi bøn i vekene som kjem: «Herre, hjelp meg å bera meir frukt i mitt liv.»

Så skal eg på same måte som i Kajakken stola på Gud og bli værande i Han. Kanskje vil det vera utfordrande viss Gud peikar på endringar, men eg vel å stola på at eg vil bryta vatnflaten og oppdaga kva godt som venter.

BØN:
Herre, hjelp meg å bera meir frukt i mitt liv.
Gi meg meir av alt det gode du har for meg.
Hjelp meg til å holda fast gjennom utfordringar
Og la meg bli i deg, kvar dag, alltid.

AMEN

Tilbake