Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Preike - 4. søndag i påsketiden, av Andreas Haarr


Tekstlesning
«Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg.» Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det han seier til oss: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’ og: ‘Eg går til Far’? Kva tyder dette: ‘om ei lita stund’? Vi skjønar ikkje kva han snakkar om.»

Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Snakkar de om det eg sa: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’?  Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal gråta og klaga, men verda skal gleda seg. De skal sørgja, men sorga skal vendast til glede. Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg, for tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, hugsar ho ikkje lenger kor vondt ho hadde, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda. På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.»
(Joh 16:16-22)

Vi skjønar ikkje..
Ein setning frå teksten kan eg jo risikera at de seier etter denne preika: «Vi skjønar ikkje kva han talar om.» Det er ganske frimodig av Johannes at han tek med det. Tenk avsløra disiplane at dei ikkje forstod, og Jesus, at han snakka slik at dei ikkje forstod.

Og det er då eg har lyst å seie, det er jo ikkje sikker det er deg det er noko gale med om du ikkje forstår, ikkje presten heller kanskje,- Disiplane heldt fram med å vera disiplar etter dette og, dei strauk ikkje her. Me har ingen grunn til å kutta ut tru og kristendom om me ikkje alltid forstår alt.

Me snakkar om det største som er, livet, meining, Gud, og at alt det slik utan vidare skal vera så enkelt alltid, nei det er det ikkje.Det er lov å tenk ja at eg forstod det ikkje, og samstundes tenkja, men kristen er eg uansett.

Det handlar om å leva som kristen etter påske. Jesus førebur disiplane på koss det vert under og etter påske. Orda «om ei lita stund» går igjen. Det kan visa til det som skulle skje i påsken, kor Jesus kom til å vera vekke frå dei, Men det kan og visa til at det skulle koma ein Kristi himmelfartsdag, då skulle han forlata dei så dei ikkje skulle sjå han meir.

Uansett, det vert ei sorg hjå disiplane over at dei ikkje ser Jesus lenger, og den sorga skal vendast til glede. Etter påske vart disiplane glade då dei møtte Jesu igjen, sjøl om dei var litt tvilande i starten, men så oppdaga dei at det var sant og gleda vart heil.

Og då er det at me skal leva som kristne etter påske, etter Kristi himmelfart, før han kjem tilbake. Utan å sjå. Sæle dei som trur og ikkje ser, sa Jesus til Tomas, og til alle oss. For det er jo det me må, me trur på noko me ikkje ser. Me trur på ein me ikkje ser. Og koss gjer me då?

Me er ulike.
Nokre av oss godtek det meste og tek det me høyrer for sant uansett til det motsette er bevist.
Andre er skeptiske og vil helst ha bevis før alt anna.
Eller me er litt av kvart alt ettersom.
Det er dumt å gå for seg sjøl og grubla.

Men, det er ingenting galt i å grubla, i å ha problem med å tru, det er ikkje noko galt i å ikkje få alt til å gå i hop. Men det er farleg å gå rundt med sine grubleri og tankar berre for seg sjøl.

Det står ikkje noko om at dei andre sa til til Tomas du får ikkje vera i lag med oss om ikkje du tenkjer det same som oss….Der var rom for den som ikkje fekk det til å tru og for den som hadde bomma totalt. Det skal det og vera i våre felleskap. Det kristne felleskapet skal vera eit fellesskap som ber den som av og til ligg nede eller ikkje får alt til. 

Kanskje det krev at me snakkar i lag, slik at me kan få sett ord på det me strir med, så vil me oppdaga at me er ikkje ganske åleine med å stri med noko og me skal oppdaga at dei andre som ser så skikkelege ut, dei går og strir med sitt og har det slettes ikkje så godt som dei ser ut til. Når me kjem litt på innsida av kvarandre  oppdagar me at me er eigentleg ganske like kvarandre.

Å rekna med Den heilage Ande.
Disiplane fekk ikkje til dette før pinse kom. Det var DHA som kom og gjorde at dette vart levande, før det var dette på mange måtar berre ord for dei. DHA skal me og rekna med i dette, DHA kjem til oss og og gjer at trua er å halda seg til Jesus, at trua er at uansett kva eg skjønar eller ikkje, eit Guds barn får eg vera uansett. 

Å leva som kristen etter påske. Etter Kristi himmelfart, utan å sjå.

I eit liv og ein kvardag som av og til er god, andre gonger slettes ikkje god. Eg veit ikkje om det er noko trøyst, men Jesus har i alle fall ikkje lova oss at alle dagar skal vera gode. Nei tvert om , han seier at det kjem sorg og jammer og gråt. Det kan vera på grunn av allmenn mennesklege ting som alle opplever av tunge dagar i livet, men og at det kjem aldri til å verta populært å tru på Jesus

Men då er det at Jesus vil ha sagt at i botn av alt skal det vera ei glede som ingen kan ta frå oss, det er ein veg frå sorg til gleda, frå død til liv,
For Jesus har stått opp.
Det er det som meinast med ei kort stund som han snakkar så mange gonger om her. Nå er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk.

Jesu død og oppstode er grunnlaget for ei gleda som ingen skal ta frå oss.
Jesu død og oppstode er fundamentet for heile livet.
Det er ingen garanti for at kvar dag vert god, men kvar dag er Guds dag.

Bøn:

Gode Gud,
Takk at du bryr deg om alle, anten me får det til å tru eller ikkje.
Takk at du har sendt Den heilage Ande som hjelper oss til å tru og ha blikket fest på Jesus.
Gode Gud, ver med oss desse dagane som er så annleis.
Lat oss snart få koma tilbake til normale dagar.
Lat oss snart få samlast til vanlege gudstenester.
Gode Gud, miskunna deg over oss.
     Amen.

 

Tilbake