Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Preike - Maria bodskapsdag


Her kan du lesa preika for Maria bodskapsdag - 22.mars

Av Andreas Haarr.

Dagens tekst:

Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»  Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

Maria sa til engelen:
«Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»

Engelen svara:
«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.

Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.
(Lukas 1.26-38)

I dag møter me ein engel, engelen Gabriel. Og Gabriel kjem med melding frå Gud til Maria, og seier: «Ver ikkje redd.»

I desse koronatider kan eg ikkje la vera å tenkja at det er ei helsing til oss alle. Så les eg om legen som seier at i desse tider bør alle kjenna på litt redsel for kva som skjer. Og det er jo svært spesielle dagar me er i nå. Då skal me ta med oss helsinga frå Gud: Ver ikkje redde! Samstundes gjer me det som styresmaktene seier om handvask osb.!

Det er Maria sin dag denne sundagen. «Ver helsa», sa engelen til Maria. «Du har fått nåde. Herren er med deg.» Det står ikkje om Maria at ho var så from og spesiell; det står ingenting om hennar spesielle kvalifikasjonar. Men Gud hadde sett i nåde til henne.

Maria stokk, og undrast på kva denne helsinga skulle bety, slik at engelen måtte seie: «Ver ikkje redd Maria.» Så kjem engelen med denne beskjeden som måtte ha teke pusten frå kven det skulle vera: «Du skal verta med barn og få ein son, Han skal verta stor og kallast son til Den høgste. Og Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, ættefaren hans. Han skal vera konge over Jakobs-ætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømmet hans.» Dette er ord fulle av innhald, av teologi, ord om oppfylling av alle Guds løfter. Dette er det alle venta på.

Og Maria er jordnær, ho går ikkje inn i teologisk diskusjon, men ho er praktisk: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?» Ho visste at borna ikkje kom med storken, ho visste korleis det gjekk til, skulle ein verta gravid. Engelen svarar: «Den Heilage Ande skal koma over deg», og: «Ingenting er umogeleg for Gud.»

Eg veit ikkje om Maria visste kva ho sa ja til. Eg vel å tru at ho ikkje gjorde det.
Men Maria kan seie:
«Eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.»

Så vedkjenner me kvar sundag at me trur på at Jesus vart fødd av Maria møy.
Kvifor skulle me ikkje det?
Fordi det ikkje går an?
Nei, klart, det går ikkje an, men Gud er Gud.
Det betyr ikkje at me skal kutta ut tanken og logikken, men me skal òg samstundes halda fast på at Gud er Gud, og Gud er større enn oss.

Gud måtte verta menneske for at me skulle koma til Gud. Berre Gud kan forsona verda med seg sjølv. Berre den som er utan synd kan forsona og bera straffa for oss alle. Ingen av oss kan forsona seg sjølv med Gud. Jesus vert alt me er for at me skal verta alt han er. Gud måtte sjølv ordna opp.

Då må òg fødselen og unnfangelsen vera spesiell. Difor kjem Maria bodskapsdag med stor glede. Fødsel og frelse høyrer i hop. Og krafta frå Den høge som kvilte over Maria, er den same krafta som velta vekk steinen påskemorgon, og den same krafta han har late bu i oss ved trua. Gud skaper liv og tru òg i dag, ved sin Ande og kraft. Så er det ein flott parallell mellom jomfrufødsel og vår tru på Jesus.

For: Gud skapte noko ganske nytt i Maria sitt liv ved Den Heilage Ande. Og då kan me lesa det som eit  bilete på korleis det er å verta fødd på nytt, ved Den Heilage Ande, som kristen Han skapte noko nytt i Maria sitt liv, ved Den Heilage Ande. Og Gud skaper noko nytt i oss ved Den Heilage Ande når han skaper tru i oss.  Det er eit Guds under. Men det gjer det ikkje mindre sant.

Kva kan me læra av Maria i dag?

1. Om under.
Gud er ein Gud som gjer under. Gud som kunne skapa nytt liv i Maria skaper òg tru i oss.

2. Om undring, eller, å grunda på Guds ord.
Det står fleire gonger om Maria at ho gjorde det. Då gjetarane har vore ved krybba og fortalt kva dei opplevde, då står det om Maria at ho gøymde alt i hjarta sitt og grunda på det.

Og når me seinare her kan lesa Maria lovsong – Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar –  så er det tydeleg at ho som kan seie fram ei slik lovprising, ho har grunda på Guds ord mange gonger. Ho kunne sin bibel.

Og det pregar henne.

Me skal undrast med Maria over Guds ord.

3. Om å verte utfordra.
Dette er store ord frå Maria: «Eg er Herrens tenestekvinne.  Lat det gå meg som du har sagt.» Dette er noko me treng eit heilt liv på; å læra å seie ja til Guds vilje med oss. Å læra lydnad. Å gje seg inn under Guds vilje.

Lær meg å kjenne dine veie og gå dem trøstig skritt for skritt!
Lær meg å kjenne dine tanker og øves i å tenke dem!

4. Det siste: Å syngja lovsang, å opphøgja Gud.
Vi synger med Maria vår store glede ut!

Me gjer Gud stor når me lovsyng hans namn.

Bøn:
Å, Maria, lær meg dine sanger!
Så jeg alltid elsker ham som vandret
gjennom død og grav til lysets rike.
Du være lovet, Kristus!

Alle mine kilder er hos Jesus,
og de bryter frem i Åndens glede
når jeg bøyer meg og priser Herren.
Du være lovet, Kristus!

Salmeboka 130

Tilbake