9. klasse BaseKamp


 

Vi har eit frivillig tilbod for Klepp, Orre og Bore konfirmantane om å ta eit BaseKamp-kurs i tillegg til det obligatoriske konfirmasjonsopplegget. Her er gir vi rom for samtalar om ulike krevjande tema som depresjon, angst, rus, sjalusi, mobbing, klimakrisa, kropp og skam. Desse tema vil vi diskutere frå både eit profant og kristent perspektiv. I tillegg vektlegg vi sosial tryggleik og aktivitetar som kan stimulere til dette. Det er viktig for oss at konfirmantane opplev dette kurset som meiningsfylt og utviklande både menneskeleg og andeleg.  Det er sjølvsagt òg eit mål å ha det gøy i lag! Derfor har vi enkelte treff der vi gjer ting dei sjølv har ønska seg, som for eksempel bowling, curling og surfing.

 

 

Tilbake