9. klasse Opptur


 

Opptur er namnet på konfirmantopplegget i Klepp kyrkje. Vi har ulike typar samlingar der konfirmantane blir gitt undervisning og får møter med kyrkja, bibelens innhald, sakrament, kyrkjelyd og kristne leiarar.  Vi har minst ei samling i månaden som kallast «Opptur» der vi ynskjer å peike på at det er mogleg å ha ein relasjon til Gud. Vi håpar at konfirmantane gjennom samlingane får erfare Gud gjennom våre ord og handlingar og at dei kjenner seg møtt, tatt vare på og oppmuntra.

 

Nokre av samlingane kallast «oppriktig talt». På desse samlingane har vi fokus på ulike dagsaktuelle etiske tema og dilemma.

 

SosialOpptur er samlingar der konfirmantane får vere med på ulike aktivitetar som dei sjølv har valt. Dette kan vere til dømes bowling, curling, boblefotball, brettspel og pizza, surfing eller klatring.

Tilbake