Klepp kyrkjelyd > Kyrkjelyd > Artikler > Artikkeldetaljer


Visjonsdokument for Klepp nye kyrkje


 

Klepp nye kyrkje

 

 

Vår VISJON

 

EI KYRKJE FOR FOLK FLEST

 

 

 

  1. Midt i sentrum.

Den nye kyrkja på Klepp vert liggjande midt i sentrum av Klepp og får ein sentral plassering saman med nytt kommunehus. Kyrkja vert eit lande merke, der folk i Klepp samlast sentralt med kommunehus og med ein aktivitetspark like ved.

Klepp nye kyrkje kan verta ein stad med opne dører som inviterar folk inn store deler av døgret til kyrkjetorg med kafé og lesestove, slik me kjenner det frå sjømannskyrkja.

Me ynskjer at kyrkja skal vera open store deler av døgret.

 

  1. Kyrkje for alt som skjer i livet.

Vår erfaring er at kyrkja er ein stad folk søkjer til når særlege hendingar skal markerast. Me ynskjer at kyrkja skal opplevast open og inkluderande for alle som vil bruka den i kvardag og høgtid. Klepp nye kyrkje skal vera ei kyrkje kor folk kan søkja Gud eller berre koma innom for ein kopp kaffi. Kyrkja skal vera ein stad kor òg store og små hendingar kan markerast gjennom heile livet – frå vogge til grav, i glede og sorg. Difor vil me og leggja til rette for diakonale tilbod i kyrkja.

 

 

  1. Samlingsstad for Kleppsbuen

Me opplever at mange større arrangement som det hadde vore naturleg å arrangera i Klepp, vert lagt utanbygds.  Klepp nye kyrkje skal vera slik at det kan vera naturleg å arrangera dette i kyrkja. Slik skal Klepp nye kyrkje ha plass for kulturarrangement og konsertar i tillegg til det som er det primære målet for kyrkja.

.

 

  1. Variasjon i bruk.

Vår visjon er at Klepp nye kyrkje skal vera ei kyrkje for alle, sju dagar i veka. Det er i dag eit flott ungdomsarbeid knytta til Klepp kyrkjelyd, og soknerådet arbeidar målretta for å kunna gje eit godt tilbod til dei unge familiane som etablerar seg i bygda.

Vidare er det viktig å ha eit bygg som er universelt utforma, slik at alle kan ta del i alle aktivitetane og bruka alle fasilitetane som kyrkja kan tilby.

Ei ny kyrkje saman med sambruk i kommunehuset vil gje mange nye rom for nye aktivitetar og ha ei takhøgd som gjer at den kan gje rom for eit større spekter av aktivitetar enn kyrkja i dag kan.

 

  1. Arena for born og unge

Me vil at den nye kyrkja skal vera ein arena for born og unge. Med byggjefelt på fleire sider vil og plassringa innby til dette. Me ser at mange born og unge i dag ikkje har nokon fast tilhaldsstad, og me vil at Klepp nye kyrkje skal vera eit supplement til andre tilbod som alt i dag finns. Utforminga av bygget må vera slik at mange born og unge finn sin plass i kyrkja.

 

 

 

 

Tilbake