Plannemnd for ny kyrkje


Klepp kyrkjelege fellesråd oppnemnde på sitt møte den 10. juni 2015 ei plannemnd for ny kyrkje på Klepp.

 

Plannemnda består av: Leif Solberg, Livar Salte, Svein Olav Nesse. I tillegg sit òg leiar av soknerådet, leiar av fellesrådet og kyrkjeverja i Klepp.
Plannemnda har dette mandatet:
 

  1. Kyrkjeleg fellesråd gjev plannemnda i oppdrag å utreda spørsmålet om ny kyrkje i Klepp sentrum. Nemnda legg til grunn det arbeidet som er gjort i høve til den gamle kyrkja både av Klepp kommune og av Riksantikvaren. Det vidare arbeidet kring plasseringa vert gjort i nært samarbeid med Klepp kommune.

 

2.   Plannemnda legg også til grunn det arbeid som til nå er gjort kring behov, størrelse og funksjonar. 

 

3.   Plannemnda utarbeider grunnlagsmateriale for vedtak og godkjenning i kyrkjelege og kommunale organ.

 

4.   Den endelege funksjons- og romplanen vert lagt til grunn for arbeidet med ein arkitektkonkurranse.

 

5.   Plannemnda har fullmakt til å gjennomføra ein arkitektkonkurranse etter reglane i «Offentlige anskaffelser»

 

6.   I samarbeid med Klepp kommune og kyrkjeleg fellesråd oppnemner plankomiteen ein jury på 5 personar.  Saman med dette ein sekretær for juryen.

 

7.   Plannemnda vurderer vedtaket frå juryen og gjev skriftleg innstilling om vinnar av arkitektkonkurransen. Før endeleg vedtak i kyrkjeleg fellesråd, bør Klepp sokneråd få uttala seg.

 

8.   Skisseprosjekt/forprosjekt. Kyrkjeleg fellesråd gjev, etter at prosjektet av kyrkjelege og kommunale organ er godkjent for bygging, plannemnda i oppdrag å arbeida fram eit skisseprosjekt, og seinare forprosjekt. Fellesrådet gjev nemnda fullmakt til å engasjera naudsynte konsulentar.

 

9.   Det utarbeidde forprosjektet vert oversendt dei rette instansane for godkjenning.

 

10. Ein gjev fellesrådet og Klepp kommune skriftleg orientering minst ein gong i kvartalet

 

11. Fellesrådet ber nemnda leggja opp til informasjon kring prosjektet i Menighetsbladet og i media.

 

 

 

 

Tilbake