Gjevarteneste


 

Vi treng fleire faste gjevarar

 

 

Ein kyrkjelyd i vekst

Klepp kyrkjelyd og Den norske kyrkja endrar seg. I aukande grad er kyrkjelyden avhengig av eigne innsamla gåver for å drifta
kyrkjelyden.

I Klepp er me så heldige at me har ein kyrkjelyd i vekst, med eit aukande aktivitetsnivå.

Som ei følgje av auka aktivitet og mange frivillige har det dei siste åra blitt tilsett dagleg leiar og trusopplærar. Dette førte blant anna til at no lønar me til saman 140% stilling via gjevartenesta. Dette er fordelt på 3 ulike stillingar.

Soknerådet har gjennom fleire år jobba målretta for å styrka barne- og familiearbeidet blant anna med bruk av gjevarmiddlar. Dette ser vi gode resultat av. Me gler oss over at fleire småbarnsfamiliar finn sin plass i kyrkjelyden. Det er flott når det krelar av småbarn i midtgangen i kyrkja.

Me jobbar med å fylla kyrkja med aktivitet sju dagar i veka, heile året!

For å få til dette er me avhengig av auka gjevarteneste.

 
 

 

Fast gjevarteneste med skattefrådrag

Fast gjevarteneste er ein enkel måte å vera med og gje til kyrkjelyden på. Det ordnast automatisk av banken du har kontoen din i. Fast gjevarteneste gjev oss ei god oversikt  over kva me kan rekna med av inntekter til
kyrkjelydsarbeidet i Klepp. Det hjelper deg òg å halda orden på gjevartenesta di.

Kor mykje du vil gje er opp til deg og din økonomi. Beløpsgrensa for gåver med skattefrådrag er kr 50.000 ,- per person per år, for 2019.  Minstebeløpet for skattefrådrag er kr 500,- per person per år. Du får tilsendt årsoppgåve som syner kor mykje du har gjeve, og opplysingane vert sende til skattestyresmaktene frå kyrkjekontoret. Dette vil syna i skattemeldinga di.

 

Fast gjevarteneste ordnar du i nettbanken din med fast trekk til konto : 3290.35.01234 merka med eige namn

 Dersom du ynskjer skattefrådrag – meld dette inn til ingunn.aandal@klepp-kirken.no

 

Tilbake