Prosjektstilling - Teknisk konsulent i Klepp kyrkjelyd


Vi søkjer ein medarbeidar som kan vera med å vidareutvikla arbeid med digitale løysingar, streaming etc., og som vil 

bygge opp ei teknikergruppe. 

 

Prosjektstilling - Teknisk konsulent i 2 år, i Klepp kyrkjelyd

Klepp kyrkjelege fellesråd søkjer etter teknisk konsulent, med arbeidsstad Klepp kyrkjelyd,  i 25 % prosjektstilling for to år.

Klepp kommune har omlag 19 000 innbyggjarar og ligg på Jæren, 25 km sør for Stavanger.
Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og Frøyland og Orstad.
Kontor på Klepp kyrkjekontor i Kleppekrossen

Les om kyrkjelyden på https://www.kleppkyrkje.no

Klepp sokneråd har investert i nytt teknisk utstyr til Klepp kyrkje og søkjer no ein medarbeidar som kan vidareutvikla arbeid med digitale løysingar, streaming etc.

 

Arbeidsoppgåver:

Streaming, filming, redigering og styring av lyd.

Bygge opp en teknikergruppe som består av frivillige medarbeidere, gjerne ungdom, som på sikt kan ta over disse oppgåvene.

Drive opplæring av stab og frivillige.

Delta i stabsfelleskap

Vera med å sette opp, enkelt vedlikeholde og se behov for tekniske løsninger i kyrkja

Nært samarbeid med dagleg leiar

 

Kvalifikasjonar:

Kompetanse på lyd (musikk) og teknikk, og gjerne streaming.

Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging

Gjerne erfaring fra menighetsarbeid/frivillig arbeid.

Kunne kommunisera godt på norsk, skriftleg og munnleg.

Medlem av Den norske kyrkja.

 

Personlege eigenskaper:

Engasjement for arbeid med tekniske løsninger i kyrkjeleg samanheng.

Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team med tilsatte og frivillige.

Kunne inspirera og motivera tilsatte og frivillige medarbeidarar.

Det vil verta lagt vekt på om ein er personleg eigna til stillingen.

 

Me kan tilby:

Spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø.

Løn etter gjeldande tariff.

Forsikrings- og pensjonsordningar etter gjeldande regler.

 

Anna:

Helg- og kveldsarbeid må påreknast

Den som får tilbod om stillinga må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.

 

Tiltreding: August 2021, eller etter nærmere avtale.

 

Søknadsfrist: 20.mai 2021

 

Kontaktinformasjon:

Hilde Norland Djønne

dagleg leiar Klepp kyrkjelyd

hilde.djonne@klepp-kirke.no 

481 25 450

 

 

 

Tilbake