Oppmuntring 13. januar 2021


 

GODT NYTT ÅR! Med desse orda helsar kongen og statsministeren oss kvart år rundt årskifte. Og me helsar kvarandre med desse orda. Rundt årskifte er det for fleire av oss tid for tilbakeblikk og oppsummering. Og me vendar blikk framover, inn i det nye året. Kva kan me leggje frå oss av det som skjedde i året som gjekk og kva kan me ta med oss vidare inn i det nye året?  I Jesaja 43, 18 – 19 står det: «De skal ikkje minnast dei første ting, ikkje tenkja på det som hende før. Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje?»

Og no blei ikkje starten av 2021 slik som me kunne ynskja. Enno må me halda avstand og ikkje treffa kvarandre. Så lat oss ta med Guds oppmuntring til oss inn i det nye året og tru på den; sjå eg gjer noko nytt. Så er mitt spørsmål til meg sjølve og til deg; Kva kan eg gjera for å leva denne oppmuntringa? Korleis kan eg vera eller gjera ein forskjell hjå nokon i dette nye året? Så lat oss saman ropa ut eit nådens år for Herren i 2021, i kjærleik til kvarandre.

TAKK Gud, for eit nytt år. Takk for at du gjer noko nytt. Hjelp oss å vera og å gjera noko for andre. Eg ber i Jesu namn. Amen.

Tilbake