Vekas oppmuntring, veke 32


 

Me skal sleppa vera glansbilete.

Bibelen er ikkje ei samling glansbilete, kor dei perfekte samlar seg og limer inn sine perfekte glansbilete av perfekte liv og kor Jesus vert sjølve ideal-glansbiletet som går over alle andre glansbilete. Og me skal sleppa vera  dårlege skodespelarar som prøver å oppføra oss fint fordi Gud ikkje kan tola at me  er ærlege og kjem fram for han med våre ærlege liv.

Me gjer Gud urett når me gjer han til storsamlar av glansbilete.

Gud er Gud for folk. Ærlege og alminnelege folk som leve ærlege liv.

Historia om Jesus, ja det er englar der, men dei skein inn i mørkret til folk. For å seie noko om håp, fred, frelse, midt i mørkret og det håplause.

Me les historia om Jesus at det skjedde i dei dagane då det gjekk ut bod frå keisar Augustus, og det var altså dagar med vald og undertrykking og uro og angst, i slike dagar kom det eit bodskap om fred.

Og Jesus samla ikkje rundt seg glansbilete-perfekte folk. Dei var jo tollarar og syndarar, altså vanlege folk som strevde med vanlege ting,-  og så møtte dei ein som reiste opp dei som låg nede og ein som tok seg av folk som strevde med livet.

Våre liv er ikkje glansbilete. Livet kjem ulikt til oss. Sorger og gleder er ikkje likt fordelt. Sjukdomar og ulukker kjem ikkje i like doser til oss. Slik sett er ikkje livet rettferdig. Me har kvar våre historier. Men det er akkurat oss Gud hadde i tankane når han seier at det var ikkje englar Jesus kom for å ta seg av, men folk.

«Men det var openberra kor god vår Gud og Frelsar er, og kor han elskar menneska.» Titus 3.5

Tilbake