Gravferd


 

Døden er ein del av livet. Døden er vanskeleg å forstå. Døden rammar på så ulike måtar, i ulik alder. Gravferd er vår måte til å ta avskjed. Kyrkja har ein rame rundt avskjeden som kan vera til hjelp for vegen vidare. Gravferda er å minnast og markera at eit liv er slutt på ein verdig måte. Nokre gonger vert det med gråt og klage, andre gonger får takken meir plass.

Kyrkjeleg gravferd er og ei forenkla gudsteneste med salmesang, bøn og andakt. Vi takkar for det livet som er slutt, og med bed om hjelp for dei som skal leva vidare med alle minnene. Vi legg både liv og død fram for Gud, Han som kjem med framtid og håp.

Tilbake