Dåp


 

Dåp.
Til lukke med barnet! Det er med stor glede vi kvart år tek imot om lag 100 barn til dåp i Klepp kyrkje. I dåpen vert vi Guds barn og med i den kristne kyrkja.

Tid for dåp.
Dei fleste barn vert døypte som 2-4 mnd gamle, men det er inga aldersgrense. Nokre vert døypte før konfirmasjon, og av og til vert vaksne døypte. Påmelding til dåp her….

Fadrar
Det er vanleg med 2-5 fadrar, utanom foreldra. Fadrane må vera 15 år, og døypte sjølv. Fadrane skal vera med på å gje barnet ei kristen oppseding.

Dåpssamling med presten
Før dåp har vi ei samling i kyrkja for fleire dåpsfamiliar. Då går vi gjennom det praktiske rundt dåp, og snakkar om kva som skjer i dåpen og kva som er gjer dåpen til ei spesiell handling. 

Dåpsopplæring.
I dåpen seier foreldra ja til at barnet skal få ein oppvekst kor kristen tru høyrer med. Vi som kyrkje vil gjerne hjelpa til med å gje alle døypte kjennskap til kva den kristne trua er. Vi har eit opplegg for alle mellom 0-18 år. Etter kvart vil alle døypte få regelmessig invitasjon til ulike flotte samlingar, tilpassa dei ulike aldersgruppene.

Gud velsigne barnet og heimen!
Velkomen til dåp og til kyrkja!

Tilbake